Bokomtale: Tore Kvæven. Når landet mørknar

Innhold

OmslagsbildeTore Kvæven (f. 1969) kjem her med sin andre roman, også denne med historisk innhald. Han debuterte i 2011 med "Hard er mitt lands lov", ein spenningsroman frå vikingtida. Kvæven har også gitt ut ei spenningsbok for barn.

Handlinga i "Når landet mørknar" foregår på Grønland på slutten av 1200-talet. Livet her er hardt, det krev mye å overleve i ein så barsk natur og i eit samfunn der både familiar og folkeslag står mot kvarandre i blodig strid. Romanen gir oss fleire teikn på at nedgangstida for vikingbusetnadene på Grønland har begynt. (Vi veit at vikingane var forsvunne da misjonæren Hans Egede kom dit nokre hundreår seinare)

Hovudpersonen Arnar drøymer om å forme sitt eige liv. Han møter mye motstand, men gir seg ikkje, sjølv når blodet flyt. Skal han lykkast til slutt eller har lagnaden bestemt noko anna for han?

Forteljinga er spennande med stort driv og mange dramatiske hendingar. Kjærleikshistoria mellom Arnar og ho han vil ha, er det knytta mye spenning til. Vil dei få kvarandre, eller må ho gifte seg med han ho er lova bort til? Innimellom dei dramatiske hendingane er det rolegare parti der menneske, levesett og natur er skildra.

I "Når landet mørknar" stig grønlandsnaturen fram for oss med dalar og fjell, brear og hav. Naturen representerer det tidlause; han vil vere der når menneska ein gong er borte, og vil gradvis slette ut spora etter dei. Forfattaren gir også på ein fin måte stemme til dei umælande dyra; haien som sym nede i djupet, isbjørnen som driv av garde på eit isflak, den vesle rypa som blir tatt av rovfuglen.... .

Forfattaren fortel om menneske og hendingar så dei blir levande for oss. Skildringa av eit grufullt forlis vil særleg sitte lenge i minnet til denne leseren. Kvæven ser elles ut til å ha sett seg godt inn i levevis på Grønland på denne tida, og skriv om alt frå byggeskikk til jaktmetodar. Vi møter også ei gruppe inuittar (skrælingar), som er i konflikt med busettarane.

Kvæven skriv nynorsk på ein måte som høver godt til stoffet.

Dette er ein mangslungen og spennande roman som vil få mange lesarar.

(LV)

Bestill boka

Sist oppdatert: 30.08.2018

Fant du det du lette etter?