Bokomtale: Hilde Lindset. Avskjeder med Judith

Innhold

Hilde Lindset er født i Oslo i 1978, og har skrive fleire novellesamlingar. Ho debuterte i 2012 med novellesamlinga "Jeg burde ha sperret deg inne". Årets bok er ein slags novellesyklus, men har også vorte omtala som mosaikk-roman.

Som tittelen seier handlar boka om Judith. Judith er forfattar og ein tilsynelatande samansett person. Vi møter henne i alle novellene, og da sett gjennom blikka til ulike personar rundt henne, både dei ho har eit nært forhold til og meir tilfeldige personar: ein ungdomskjæreste, ein elskar, ei vaksen dotter, ein sambuar, ei elskarinne til ein sambuar, ein bed-and-breakfast-vert, ein T-banepassasjer... Alle kjem med sine kjensler for og oppfatningar av henne, sett i lys av den dei er sjølve og forholdet dei har til henne.

Alle novellene ender på ein eller anna måte i ein avskjed. Nokre av avskjedane er endelege, medan andre er meir som ei avslutning på eit samver, eit samver som vi anar kan kome til å bli gjentatt etter nokonlunde same mønster.

Ved at vi slik får eit oppstykka bilde av Judith, og ved at ho stort sett berre blir sett utanfrå, blir ho på mange måtar ein gåtefull person. Som lesar blir vi nysgjerrig på korleis historia hennar heng saman, og vil vite meir om kven ho er. Bildet av henne blir litt klårare utover i boka, men noko særleg kjent med henne blir vi eigentleg ikkje, og det er kanskje ikkje forfattaren sitt mål heller. Kanskje er det like mye dei ulike relasjonane mellom menneskje ho ønskjer å sette søkelyset på, og kva vi er i ulike relasjonar.

Eg synest forma Lindset brukar er spennande. Det triggar fantasien å få presentert historia om eit liv og eit menneske på den måten forfattaren gjer det her.

(LV)

Bestill boka

Boka finnest også som e-bok

Sist oppdatert: 08.09.2017

Fant du det du lette etter?