Bokomtale: Ellen Emmerenze Jervell. Fjellfolk

Innhold

OmslagsbildeUt i frå tittelen skulle ein kanskje tru at dette er ein slags gammaldags bygderoman. Det er det langt i frå. Dette er ein "urban" roman frå vår tid og av ein ung forfattar. Ellen Emmerentze Jervell, som er utdanna journalist, er født i 1990, og "Fjellfolk" er den første romanen hennar.

I "Fjellfolk" møter vi to generasjonar kvinner. Forteljinga vekslar mellom første og andre generasjon; kapitla heiter høvesvis "Det første barnet" og "Det andre barnet". I tillegg er det nokre kapitel om pensjonisten Edvard og utdrag frå "Den lille blå boken". Kapitla om "det første barnet" handlar om Katrine og livet hennar. Ho har eit barn, ei jente, som ho konsekvent ser på som barnet eller det, og ikkje nemner med namn. Ho greier dårleg å vere mor da ho blir åleine med jenta. Mannen hennar, Fredrik, far til barnet, har vorte borte på Hardangervidda, men let etter seg ei blå notatbok til dottra, der han skriv om turar på vidda. Vi skjønar etterkvart at "Det andre-barnet"-kapitla, handlar om dottra til Katrine som ung vaksen. No får vi også vite namnet, som er Frida.

Forfattaren får godt fram perspektivet til ei mor som sviktar og kor hjelpeslaus ho er, men det er kanskje likevel Frida som trer tydelegast fram som person. Gjennom måten ho forheld seg på og handlar, blir vi vist korleis det kan påverke eit menneske å ha vore barnet til ei slik mor som Katrine. Og kva skjer når Frida blir gravid - med ein drittsekk? Ho vaklar i valget om ho skal ta abort, eller ikkje.

Den gamle mannen Edvard, som Frida etterkvart møter, er også ein ganske viktig person i forteljinga. Han er som Fredrik trekt mot fjellet, og kan ikkje gløyme ei jente han møtte på Finse i ungdommen. Han skriv framleis brev til henne, brev som han aldri får svar på. Hardangervidda og naturen der, er i det heile ein viktig komponent i romanen..

"Fjellfolk" er ein velskriven og spennande oppbygd roman med omsorgssvikt som eit sentralt tema.

(LV)

Bestill boka

 

 

 

Sist oppdatert: 10.09.2018

Fant du det du lette etter?