Bokomtale: Anders Totland. Vintertonar

Innhold

VintertonarIsak er på veg tilbake til barndomsheimen og bygda han vaks opp i. Her har han ikkje vore sidan han og mora reiste frå garden for femten år sidan. Da var han seksten år gammal.

Heile sitt vaksne liv har Isak halde seg unna faren, men no har han fått ein telefon frå svogeren om at faren ikkje har lenge igjen, og at dei bør få snakka ut. Han orkar eigentleg ikkje å møte faren og fortida, men bestemmer seg likevel for å reise. Med seg i sekken har han dagbøkene etter mora, dei han ikkje har klart å lese ferdig, sjølv om det er ti år sidan mora døydde.

Isak har alltid trudd at det var faren si skuld at mora tok han med seg og reiste frå garden. Gjennom dagbøkene og det søstra, som bur på garden, fortel går det gradvis opp for Isak at alt han har trudd kanskje ikkje stemmer. Han undrast på kva som eigentleg skjedde mellom mora og faren og på kven mora eigentleg var. Romanen gir oss ingen bastante svar på spørsmåla, men viser oss at sanninga kan sjå forskjellig ut, alt etter kva for synsvinkel ein har.

Det er vanskeleg for Isak og faren å nærme seg kvarandre, det ser ikkje ut til at dei greier "å snakke ut", men på nydeleg vis blir det skildra korleis musikken skaper ei bru mellom far og son, og fortid og notid.

"Vintertonar" er ei sterk familiehistorie, fortalt på ein lågmælt måte. Romanen er den første romanen forfattaren har skrive for vaksne.

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og bur no i Kvinnherad. Han har gitt ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er omsett til andre språk, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

Sist oppdatert: 19.02.2020

Fant du det du lette etter?