Bokomtale: Aina M. Ertzeid. 15:25

Innhold

15:25Eit klokkeslett utgjer tittelen på denne romanen. Klokkeslettet det blir
sikta til er tidspunktet da bomba i regjeringskvartalet gjekk av den 22. juli 2011.

Hovudpersonen i 15:25, Agnes Lund, er på jobb nettopp der, akkurat da. Ho overlever og får heller ikkje nemneverdige fysiske skader, men ho er sterkt prega av det som har skjedd. Ho slit med vonde kjensler, særleg det at ho trur at det var nokon som ropte på henne da ho fortumla tok seg ut av Høgblokka. Det gneg henne at kollegaen som var jobb samtidig og som omkom, kanskje ropte på henne og at ho berre sprang rett forbi. Ho greier ikkje å snakke med nokon om dette, og det blir vanskeleg å konsentrere seg om jobben.

Leiinga og dei fleste av kollegaene i Justisdepartementet er elles raske til å normalisere arbeidet. Agnes spør seg om dette er rett. Leiinga var ikkje på det dramatiske skjedde og forstår ikkje heilt kor vanskeleg det er for Agnes og dei andre ramma å gå vidare som før. 

Vi får gjennom tilbakeblikk vite mye om livet til Agnes før 22. juli; om barndom, forhold og om jobben, som betyr svært mye for henne. Ho har hatt ein vanskeleg barndom og ho har få i livet sitt, og ingen som står henne heilt nær. Det forsterkar einsemda og angsten ho kjenner i etterkant av det som hendte.

Dette er ei sterk bok om korleis eit enkeltmenneskje opplevde 22. juli og tida etterpå. Skildringane er levande og truverdige og ber preg av at mye er sjølvopplevd, sjølv om ein sjølvsagt ikkje kan sette likskapsteikn mellom romanfiguren Agnes Lund og forfattaren. 

Aina Ertzeid (f. 1978) er jurist og "15:25" er den første romanen hennar. Ho var sjølv på jobb i Høgblokka denne spesielle julidagen.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesastebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 20.03.2020

Fant du det du lette etter?