Bokomtale: Victoria Kielland. Dammyr

Innhold

Victoria Kielland, født 1985, debuterte i 2013 med kortprosasamlinga "I lyngen". Samlinga vart nominert til Tarjei Vesaas debutantpris. Dammyr er den første romanen hennar.

Ein søkande 14-åring, Aurora, er hovudpersonen i boka. Vi får spreidde glimt av det som blafrar og bølgar gjennom henne, både i kroppen og i sinnet. Landskapet i Østfold, særleg i og rundt Fredrikstad set stemninga og er ein viktig del av romanen - som Glomma som flyt bleikblå, skodda som driv inn over Dammyr og havgapet mellom rullesteinane... Aurora driv rundt i dette landskapet, der også Bygjengen, City Leif, Napper'n og andre utfaldar seg.

Skildringa av tenåringsjenta sine sansingar og kjensler flyt saman med brutale skildringar av hendingar i området; Ingeborg Køber-saka, øksedrapet i Lille Helvete og fleire andre. Alle hendingane har med død, mord eller sjølmord å gjere. Grensene mellom det verkelege og det overnaturlege er glidande. Den for lengst døde Ingeborg Køber er t.d. nærværande gjennom heile boka. Forfattaren får gjennom dette grepet fram nye perspektiv. Dammyr er ei mørk bok, men ho er ikkje berre mørk. Som kontrast til det brutale og blodige er det også innslag av det mjuke, som lengten etter hud og kjærleik.

Kielland har ein heilt eigenarta stil. Språket hennar er poetisk, rått, intenst og sugande. Dei mange gjentakingane blir nærmast suggererande. Boka kan opplevast som ganske dunkel og gåtefull, så ho vil nok appellere mest til dei som likar motstand i teksten. Omslaget på boka er rosa, men dette er desidert ikkje ei "rosa bok"!

(LV)

Bestill boka

Romanen finnst også som e-bok.

Sist oppdatert: 20.08.2021

Fant du det du lette etter?