Bokomtale: Tor Even Svanes: Til Vestisen

Innhold

Tor Even Svanes, f. 1978, debuterte med romanen Den andre sønnen i 2006. "Til Vestisen" er den tredje romanen hans.

Handlinga i denne boka foregår i om bord på M/S Kvalfjord på selfangst ved Grønland. Hovudpersonen er ei ung kvinne, Mari. Mari er nyutdanna veterinær og skal ut på sitt første tokt som fangstinspektør for Fiskeridepartementet. Det skal vise seg å bli ei vanskeleg oppgave. Ho er så desidert på mannfolkgrunn, alle om bord er menn, bortsett frå henne. Miljøet er barskt og selfangsten rå. Da er det ikkje berre berre å vere ung kvinne, og skulle påpeike det som er ureglementert ved jakta. Mennene (eller nokre av dei) brukar utspekulerte og ekle metodar for å psyke henne ut og skremme henne. Etter kvart kjenner Mari seg meir og meir desperat, «fanga» og avsondra, som ho er, i isødet og på båten, - der ho etter planen skal vere i seks veker.

Som lesar blir ein dratt inn i ubehaget, både gjennom skildringane av korleis jakta på selane foregår, og gjennom måten forfattaren får fram Mari sin veksande klaustrofobi og frykt. Sidan handlinga er lagt til eit heilt isolert miljø, blir dette særleg sterkt. Ho har få muligheiter til å kome seg vekk.

Hendingane er fortalt i ettertid, som i bitar av minne. Minnebitane vekslar med innslag frå notid. Vi skjønar at det som skjedde på båten har fått etterspel, og at Mari er sterkt prega av opplevingane ho hadde der. Teksten er knapp og gir lesaren mye rom til å fylle ut med eigne tolkingar. Dei korthogne tekstsekvensane driv handlinga framover, og forfattaren klarar på den måten å bygge opp ei intens spenning. Romanen kan nærmast kallast ein psykologisk thriller.

"Til Vestisen" er ein spennande roman frå eit miljø som ikkje så mange kjenner. Boka set søkelys på selfangst og dyrevern, og på psykologiske mekanismar i ein maktkamp.

(LV)

Bestill boka

Boka finnes også som e-bok.

Sist oppdatert: 27.04.2017

Fant du det du lette etter?