Bokomtale: Per Schreiner. Henrettelse med elefant

Innhold

Dette er den første romanen til Per Schreiner (f. 1965). Han har tidlegare gitt ut novellesamlinga «Min fars fem bad» (2015). Tittelen på boka siktar til ein avrettingsmetode brukt i Asia i tidlegare tider, og som her dukkar opp i ein draum.

"Henrettelse med elefant" er ein roman, men måten han er bygd opp på kan seiast å vere i slekt med novelleforma. Forfattaren vekslar heile tida mellom ulike personar og historier. Historiene og personane heng på ulike vis saman, t.d. kan eksen til ein av personane få si historie, eller faren til ein annan person, til og med ein hund som rømmer frå denne faren får si eiga historie.

Dette er ikkje ein roman om vellykka personar, snarare tvert i mot. Folka i desse historiene får det ikkje liksom ikkje heilt til, enten det gjeld forhold eller oppussingsprosjekt. Dei er gjerne i ein slags mellomtilstand der liva deira står på vent. For å vise fram personane brukar forfattaren stort sett dialog. Historiene er i det heile fortalt med få ord, så det blir opp til lesaren å fylle «hola» i teksten. Sams for historiene er at dei får lesaren (i alle fall denne lesaren) til å kjenne eit visst ubehag.

Noko av det som blir fortalt blir trekt skikkeleg ut i det absurde - for kva kan ikkje til dømes skje når ein elektrikar ikkje likar at oppdragsgjevaren er pratesjuk, og seinare kjem i ein situasjon der han er avhengig av hjelp frå nettopp den pratesjuke og einsame oppdragsgjevaren...

Med mørk humor og eit spesielt persongalleri, seier forfattaren noko om å leve i vår tid. Kanskje er dette boka for dei som likar uventa vendingar, og som har sans for det litt "rare".

(LV)


Bestill boka

Boka finnst også som e-bok

 

Sist oppdatert: 27.04.2017

Fant du det du lette etter?