Bokomtale: Nicolai Houm. Jane Ashlands gradvise forsvinning

Innhold

I eit kort startkapitel møter vi ei kvinne fortapt i skodda. Gjennom kjappe kryssklipp får vi så vite kvifor ho har hamna i denne situasjonen.

Kvinna er Jane Ashland, litteraturprofessor og forfattar frå Wisconsin. Ho har brote med sitt tidlegare liv og reist til Norge for å møte fjerne slektningar. Slektningane tek godt i mot henne, men ho taklar dårleg det vellykka livet deira i kontrast til sitt eige. På flyet over kom ho i kontakt med ein naturforskar, og etter det etter kvart misslykka opphaldet hos slekta, blir ho med han på tur på Dovrefjell for å studere moskus. Men, det viser seg at heller ikkje moskusturen blir spesielt vellykka.

Jane verkar ute av balanse, og vi skjønar at det har skjedd noko svært tragisk i livet hennar. Kva som har hendt får vi ikkje vite før i slutten av romanen. Med tapet av dei ho elska opplever Jane at meininga med livet har forsvunne. Kanskje håper ho med reisa til Norge å finne ei slags meining. Om ho finn ei ny meining, eller forsvinn heilt, får vi får vi ikkje svar på, da romanen sluttar heilt åpent.

"Jane Ashlands gradviser forsvinning" er ein roman om tap og sorg, men sidan hovudpersonen er forfattar drøftar også romanen temaet røyndom kontra litteratur. Kan litteraturen greie gripe sanninga om korleis det er å vere eit menneske, og i sær eit menneske i krise?

Eit alvorleg tema til tross, boka verkar lett, - også i språket.

Nicolai Houm (f. 1974) debuterte i 2004 med romanen Knekk nakken, min venn. Han fekk sitt eigentlege gjennombrot med romanen De håpefulle i 2013. Houm har også skrive ei novellesamling og ei barnebok.

(LV)

Bestill boka

Romanen finnes også som e-bok.

Sist oppdatert: 25.04.2017

Fant du det du lette etter?