Silje, hovudpersonen i "Jeg har mer jeg vet du vil like", er 19 år og på terskelen til å ta steget ut i vaksenlivet. Ho skal flytta ut frå mora, og ho er i starten på sitt første skikkelege kjæresteforhold.
Silje tek den ferske kjærasten med på familien sitt sommarhus ved sjøen, og ser for seg at dei skal kose seg der nokre dagar og bli betre kjent. Ho er spent og gler seg, men det går ikkje heilt etter planen. Berre etter eit døgn dukkar faren opp med den nye kona si, den vesle dottera og til og med ein svoger er med på lasset. Dette blir naturleg nok ganske anstrengande for Silje, som frå før er famlande i den nye situasjonen.
Dette er den ytre handlinga i boka, men vi følgjer like mye det indre livet til Silje, alle tankane og kjenslene som ho ber på, og som ho har vanskeleg for å gi uttrykk for. Og når ho prøver å nå ut er ikkje folka rundt henne særleg lydhøre. Som stadig flyttande skilsmissebarn har Silje tatt rolla med å vere den tilpasningsdyktige, den som les andre, tolkar signala og tilpassar seg. Ho drøymer om å bli "fri" og ta farvel med den gamle Silje, men er usikker og redd for å bli avvist dersom ho markerer seg meir.
Romanen handlar om eit ungt menneske i prosessen med å finne ut av kven ho er og kva ho vil, og som er på veg til å lære å ivareta seg sjølv og sine eigne grenser. Mange vil nok kjenne seg igjen i problematikken, men boka vil kanskje særleg ha appell til yngre lesarar.
Marte Magnusdotter Solem er født i 1978, har vakse opp i Oslo og er utdanna skodespelar ved Teaterhøgskolen. "Jeg har mer jeg vet du vil like" er den første boka hennar.
(LV)
Sist oppdatert: 18.02.2019