Bokomtale: Marius Ektvedt. Fem

Innhold

Marius Ektvedt (f. 1980) er forfattar og fotograf. Han er også utdanna filmregissør fra London Film School. Han debuterte med romanen «Revir» i 2012, og «Fem» er den andre boka hans.

Hovudpersonen, og den som har synsvinkelen gjennom heile romanen, er ein tilsynelatande vellykka mann med eit godt ekteskap, to barn og arkitektjobb. Men, ganske snart skjønar vi at det berre er på overflata det er bra.

Tilværet hans er prega av vonde tvangstankar og tvangshandlingar. Han må stadig gjenta sine ritual, for eksempel teljing, slik at ikkje noko dramatisk skal skje med dei han har kjær. For han kan tal nærmast bety forskjellen mellom liv og død. Fire er det gode talet, medan fem er det aller farlegaste, sjølve ulykkestalet. Derfor eskalerer problema hans når kona ønskjer ei endring som inneber talet fem. Det vil i hans hovud føre til katastrofe, og han må for ein kvar pris unngå at så skjer. Oppi dette får dei ein ny hyttenabo, «tyrenakken», som han (men, ikkje kona) oppfattar som veldig truande for familielivet deira.

Han har prøvd å skjule tvangen for alle, men no blir det meir og meir tydeleg for kona at han har alvorlege problem. Han går med på å oppsøke psykolog, men heller ikkje her greier han å åpne seg. Eitt råd tek han likevel i mot, han byrjar å skrive om korleis han har det. Romanen vekslar mellom desse notata og det som skjer i notid. Det er ein einsam og vond kamp han fører mot kreftene i han sjølv.

Finnst det i det heile nokon veg ut av det? Det kan sjå dårleg ut for vår mann. Historia er med andre ord ikkje særleg oppløftande, men Ektvedt har etter mi meining lykkast godt i å sette ord på korleis tvangstankar kan kome til uttrykk. Slik sett gir romanen innsikt.

(LV)

Bestill boka

Romanen finnst også som e-bok.

Sist oppdatert: 24.04.2017

Fant du det du lette etter?