Bokomtale: Karin Kinge Lindboe. Far og Sachsenhausen

Innhold

Lindboe (f. 1947) har skrive 20 bøker for barn og ungdom, og fekk Kritikarprisen for ungdomsromanen "Etterpå varer så lenge" i 2011. "Far og Sachsenhausen" er hennar første roman for vaksne.

I denne romanen fortel ho faren, Steff Lindboe, si historie. I 1942 vart han saman med fleire kameratar fengsla for motstandsarbeid, og hamna på Grini. Seinare vart dei senda til Tyskland og konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Der er det brutale tilhøve, med svolt, liding og død, men han overlever dei to og halvt åra, før dei blir berga ut med dei kvite bussane.

Fangenskapet gjer at kameratane utviklar eit sterkt fellesskap, og dei kjem ofte saman etter krigen. Steff har også ein kjæreste heime i Norge som han av og til får brev i frå (han blir forlova pr brev), noko som hjelper han å halde motet oppe. Han vil sjå henne igjen! Så kjem freden og dei skal endeleg treffast. Men, krigen har forandra dei begge og det er så ikkje lett å finne igjen tonen. Men, det går seg til og dei giftar seg same året.

Forteljinga frå krigen er vevd saman med fine glimt av faren som gammal, og delvis dement, på pleieheim. Vi skjønar at han har hatt eit godt og langt liv saman med ho som venta medan han sat i konsentrasjonsleiren.

Tema i denne boka er ikkje nytt, men forfattaren formidlar det på ein enkel og uforstilt måte, som gjer det levande på ein annan måte enn kanskje ei rein dokumentarframstilling ville greie å gjere.

Sidan det er historia til ein ung mann, kan boka kanskje særleg vere ein fin innfallsport for unge menneske som skal nærme seg temaet andre verdenskrig og konsentrasjonsleirane

(LV)

Bestill boka

Boka finnes også som e-bok

Sist oppdatert: 26.04.2017

Fant du det du lette etter?