Bokomtale: Silje Bekeng-Flemmen. Velkommen til dyrehagen

Innhold

Velkommen til dyrehagenDenne romanen handlar om den store omveltinga i livet det er å bli mor, om barseltidas utfordringar og bekymringar, men også gledene, og om det kaoset livet med små barn kan vere.

Lisa, hovudpersonen i boka har fødselspermisjon med barn nummer to, ei jente. Frå før har ho og sambuaren ei jente på tre år, ein treåring er i verste spørrealderen, som lurar på absolutt alt. Lisa er i si eiga barselboble, og har etter at ho fekk ungar, meir eller mindre mista kontakten med den beste venninna si. Venninna, som er litt karikert framstilt, lever det uforpliktande singellivet. Lisa tør til dømes ikkje fortelje henne at ho går på babysong, og faktisk nyt det.

Lisa reflekterer både rundt kvardagen, valget om bli mor, og forventningspress, men også om sin plass i utviklingshistoria (!). Det kroppslege har elles stort fokus i romanen med blant anna nære skildringar av graviditet og amming.

Språket i romanen er poetisk og tidvis vittig med mange gode formuleringar. Romanen er bygd opp som ei veksling mellom notid og tilbakeblikk. Denne vekslinga glir fint.

"Velkommen til dyrehagen" er ei ærleg bok, der både gode og det utfordrande med barseltida blir synt fram, og mange vil nok humre gjenkjennande av ein del av skildringane i boka. Romanen filosoferer også rundt problemstillingar som gjeld dei fleste av oss, som det å ta valg og leve med konsekvensane.

Forfattaren, Silje Bekeng-Flemmen, f. 1984, er kritikar, journalist og redaksjonssekretær i Bokmagasinet i Klassekampen. "Velkommen til dyrehagen" er den første romanen hennar.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

Sist oppdatert: 01.09.2021

Fant du det du lette etter?