Bokomtale: Tor Åge Bringsværd. Når du minst venter det

Innhold

Omslagsbilde av Når du minst venter detHandlinga i denne forteljinga utspelar seg på 1300-talet. Vi er i den persiske byen Yadz, der den aldrande Pietro har søkt tilflukt. Pietro er uighur (ei turkotatarisk folkegruppe), men har sidan han var guttunge vore tenaren til den italienske oppdagaren og handelsmannen Marco Polo. No er Marco Polo død, og Pietro er fri mann. 

I Yadz knyter han vennskapsband med ein tungelaus mann og ein hund. Til dei kan han fortelje om det dramatiske livet han har levd og dei mange strabasiøse reisene han har vore med på. Reisene kunne ta fleire år, blant anna fekk Marco Polo i oppdrag å frakte ei prinsesse frå Persia til Venezia. Reisa tok fire år. Pietro var tenar og livvakt, men mest Marco Polo sin venn, slik han sjølv ser det. 

Erindringane til Pietro er blanda med skildringar av det som skjer rundt han i Yadz, ein by med sterke motsetnader mellom religiøse grupper. Motsetnader som fører med seg brutalitet og vold. Brutalitet er ikkje ukjent for Pietro, det viser glimt frå livet han har hatt som livvakt. Han får bruk for livvakteigenskapane også i Yadz, men mest er han no ein gammal og klok mann som brukar tida til å reflektere og drøyme.

"Når du minst venter det" er varm, vakker og lettlest fabelprosa av typisk Bringsværd-merke. Ei bok for den som likar eventyrlege forteljingar!

Tore Åge Bringsværd (f. 1939) har gitt ut ei rekke romaner, barnebøker og fabelprosa. I samarbeid med Jon Bing ga han også ut bøker i science fiction-sjangeren. Gobi-serien (fem bøker) er kanskje dei av bøkene hans som "Når du minst venter det" har mest til felles med. 

(LV)

Bestill boka

Sist oppdatert: 03.09.2021

Fant du det du lette etter?