Bokomtale: Terje Holtet Larsen. Oppskrittingen av et indre landskap

Innhold

Oppskrittingen av et indre landskapEin namnlaus forfattar vandrar rundt i gatene i Oslo. Han søkjer og granskar "forsvinninga", det å sleppe fri frå seg sjølv, bli usynleg. På si ferd dumpar han inn på ein bingokafe på Grünerløkka. Der observerer han to menn som møtest igjen etter tjue år. Dei  spela i si tid i lag i dansebandet Café Sahara. 

Romanen tek utgangspunkt i det forfattaren observerer og høyrer frå kafebordet. Det kjem fram at den eine av mennene, Jens Graff, nokså uventa, vart med i dansebandet, sjølv om han var jazztrommis. Det vil si; han var med heilt til han ein kveld bandet er ute på oppdrag plutseleg berre forsvinn (!) og sidan ikkje gir lyd i frå seg. Sjefen i bandet B.K. Krüger, ein karikert figur som nok har sine svin på skogen, meiner derfor at Graff skyldar han ei teneste.

Forfattaren blir svært opptatt av dette møtet, og så nysgjerrig at han følgjer etter Graff. Vi får høyre om livet til Graff, slik forfattaren forestiller seg det. Livet til Graff ser han vel nærmast for seg som ein slags parallell til sitt eige liv. Vi får dessutan høyre mye om jazz og jazztrommeslagerar!

Forfattaren bevegar seg etterkvart rundt i bydelen Alna, på "ikkje-plassar", som sjeldan blir skildra i litteraturen; under bruer i trafikkmaskiner, bak lagerbygg og andre tilhaldsstader for dei absolutte outsiderane i samfunnet vårt. Her må tilføyast at vår forfattar ikkje er særleg opptatt av å skaffe seg eit A4 middelklasseliv, det er vel heller slik at han kjenner forakt for dei verdiane han tillegg middelklassen. 

Handlinga er umulig å forutsjå, og det skaper ei slags spenning i romanen. Persongalleriet må seiast å vere ganske sært. Språket er stilfullt med til dels lange, snirklete og elegante setningar. Både språk og oppbygging av romanen kan kanskje av nokon opplevast som i overkant avansert. 

Terje Holtet Larsen (f.1963) debuterte i 1991. “Oppskrittingen av et indre landskap” er den tiande romanen hans.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 16.09.2021

Fant du det du lette etter?