Bokomtale: Synne Sun Løes. Er du lykkelig søster?

Innhold

Er du lykkelig søster?Dette er ein brevroman der to søstre, som har funne einannan i vaksen alder, skriv brev til kvarandre.

Den eine søstra bur i Norge, ho vart saman med tvillingbroren adoptert frå Sør-Korea da ho var baby. Mange år etterpå får ho kontakt med dei biologiske foreldra, og ei eitt år yngre søster som bur i Seoul. Etter at dei treftest startar dei å brevveksle. Dei er nysgjerrig på kvarandre. Har dei noko felles? Det viser det seg at dei blant anna er begge glad i bøker og og begge har ein hang til å isolere seg. Men, dei er også ulike på mange vis, den eine perfeksjonist, den andre det motsette, i følge ho sjølv. Og dei er sjølvsagt forma av dei svært ulike kulturane dei har vakse opp i.

Gjennom breva utforskar dei også seg sjølve og det livet dei lever. S. som bur i Norge har mann og barn og jobbar som sjukepleiar i psykiatrien. Ga-yong i Sør-Korea er karrierekvinne i Seoul og jobbar frå morgon til sein kveld. I tillegg til det personlege dei deler, skriv dei om politikk og om samfunnet dei er ein del av. Det sør-koreanske samfunnet er svært forskjellig frå det norske og det gir boka eit interessant innblikk i.

Gjennom å dele tankar og kjensler i breva bygger søstrene etter kvart eit søsterskap som betyr mye for dei. Dei har ein kanal der dei tør vere åpne, også om det som er vanskeleg.

Sunne Sun Løes (f. 1975), som sjølv er adoptert frå Sør-Korea, skriv til slutt i boka at romanen er basert på ei verkeleg brevveksling ho har hatt med den koreanske søstra si. Løes debuterte i 1999 med romanen Yoko er alene. Sidan har ho gitt ut ei rekke bøker. For ungdomsromanen Å spise blomster til frokost (2002) vart ho tildelt Brageprisen. Ungdomsromanen Miss (2017) vart tildelt Riksmålsprisen og valt til White Ravens-bok av Internationale Jugendbibliothek.

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 19.08.2021

Fant du det du lette etter?