Bokomtale: Sidsel Mørck. I urent farvann

Innhold

I urent farvannSidsel Mørk tek i denne romanen for seg oljealderen i Norge sett gjennom ein far og ein son som begge jobbar i oljeindustrien.

Vi følgjer først Ole Viktor Valle gjennom oppveksten med skilte foreldre og ein periodedrikkande far. Faren får seg etterkvart jobb på plattform, men blir skada i ei ulykke. Faren er ein engasjert og kunnskapsrik mann som ser kynismen hos dei som sit på toppen. Eit viktig tema i boka er mangelen på sikkerheit som særleg prega den første perioden i oppbygginga av oljeverksemda i Norge. Det var mange ulykker, også med tap av liv, som Alexander Kielland-ulykka der 123 menn gjekk ned med plattforma. Andre vart skada for livet.

Ole Viktor får seg også jobb i oljeindustrien, ikkje "på golvet", men som ingeniør. Han ser mye av det same som faren ser, men vel å neglisjere det, same kor grovt det er. I staden blir han ein klatrar i systemet. Han får jobb utanlands gjennom Statoils satsingar i Quatar, Nigeria og Iran og andre land som ikkje akkurat er kjent for sitt demokratiske styresett. Faren er sterkt kritisk til oljeverksemda her og dei manglande haldningane til sonen.

Prisen Ole Viktor betaler for å vere ein lojal "company man" er at han blir einsam. Det verkar som dei mange utanlandsopphalda blir ei slags flukt. Han har problem med å knyte seg til andre, han blir etterkvart skilt, og har dårleg kontakt med dottera. Familiehistoria utgjer ein viktig del av boka. Særleg er skildringane av korleis Ole Viktor som barn opplever forholdet mellom foreldra og farens dragning mot alkoholen gjort med innleving. Det såre forholdet han har til faren skin i gjennom også seinare i forteljinga.

Sidsel Mørck er 83 gammal (født i 1937) og har eit omfattande forfattarskap å vise til. Den samfunnsengasjerte forfattaren har sidan bokdebuten i 1967 skrive meir enn 40 bøker.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 06.11.2020

Fant du det du lette etter?