Bokomtale: Rune Salvesen. Antifeministen

Innhold

AntifeministenSom i fleire bøker utgitt i 2020 er forholdet til mor eit sentralt tema i "Antifeministen".

Filip er ein mann i 40-åra, han er gift og har to døtre. Vi møter han i gravferda til mora. Han er letta, nærmast glad for at mora er død. Kvifor han kjenner det slik blir gradvis avdekka utover i boka. Han vaks opp utan særleg kontakt med faren, som reiste frå mora og sonen og skaffa seg ny familie.

Vi følgjer Filip i arbeidet med å rydde ut av huset etter mora. Det er ein ytre prosess, men like mye ein indre. Han finn blant anna igjen den gamle dagboka si, og gamle fortrengte minne kjem opp til overflata. Det skjedde ting i barndommen som ikkje skal skje eit barn, og som aldri har vorte snakka om.

Det mora utsette han for ser ut til å ha prega forholdet hans til kvinner. Han kjenner seg styrt og avmaskulinisert av kvinner, samtidig som han foraktar dei for å vere svake. Under overflata er det mye aggresjon som ikkje kjem til uttrykk. Han er ein typisk inneslutta mann, som ikkje greier å gi utrykk for det som er vanskeleg. Det vanskelege blir lagra på innsida og får på den måten innverknad på korleis han møter omverda. Romanen er sår, men kan nok kanskje også bli oppfatta som provoserande.

Forfattaren har uttala at han med "Antifeministen" ville sette søkelys på den moderne mannsrollen, som han meiner i for stor grad er for prega av kva kvinner har ønska av mannen.

Rune Salvesen (f.1978) er opprinneleg frå Stavanger, og for den som er kjent der, vil boka by på eit gjenkjenneleg miljø. Han har tidlegare gitt ut fleire romanar og ei samling forteljingar.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast som e-bok i appen BookBites.

Sist oppdatert: 23.06.2022

Fant du det du lette etter?