Bokomtale: Prableen Kaur. Ferdig med ting

Innhold

Omslagsbilde av Ferdig med tingPrableen Kaur er samfunnsdebattant og politikar. Ho er ein av AUF-ungdommane som overlevde terroren på Utøya, og har tidlegare gitt ut sjølvbiografien Jeg er Prableen. "Ferdig med ting" er den første romanen hennar.

Ei ung kvinne, Ilone, er hovudperson i denne romanen. Ilone er psykologistudent, og har godt tak på studiane, men ho strevar med seg sjølv. Ho har vore i eit forhold, som ikkje var bra for henne og som ho ikkje greier å få på avstand. Når ho så treffer ein mann som er god og ser henne, har ho vanskeleg for å gå heilt inn for forholdet, sjøl om ho er forelska. Ho er usikker og synest ikkje ho har gjort seg fortent til å ha det godt.

Ilone synest å ha eit mørke i seg som innimellom stig til overflata. Ho kallar det i starten av boka for hemmeligheten. Romanen gir ikkje noko klart bilde av kvifor ho har det slik. Det er små tilbakeblikk på barndommen gjennom boka, men svaret ser ikkje ut til å ligge der. Kanskje handlar det om forventningane ho opplever, eller legg på seg sjøl, om å vere vellykka og takle alt.

Kaur brukar eit nøkternt språk, og skildrar det daglegdagse i livet til Ilone, kva for sko eller klede ho skal ha på seg, kva ho lagar til middag, dagar på lesesalen osb.

Som tittelen "Ferdig med ting" gir oss eit hint om, ser romanen på det å klare å gå vidare livet etter å ha opplevd noko som har sett seg fast i ein. Romanen handlar om å vere ung i dag og om å finne ut av seg sjøl, ikkje minst i møte med kjærleiken.

Boka er lettlest og vil kanskje først og fremst appellere til yngre lesarar.

(LV)

Bestill boka

Sist oppdatert: 17.01.2019

Fant du det du lette etter?