Bokomtale: Pauline Östgård. Melkeveien

Innhold

MelkeveienFørsteklassingen Liv er hovedperson i denne romanen. Ho er seks år og bur saman med foreldra i Melkeveien. Det viser seg at alt ikkje er som det skal vere i den vesle familien.

Faren er full av skøy og innfall, men vi skjønar at han er nærmast utan grenser slik at det tippar over og blir skremmande. Mora har gløymt korleis det er å vere glad og heller ikkje ho er i stand til å ta seg av Liv på ein god måte. Liv hamnar etterkvart hos eit ektepar som tek godt vare på henne, men ho lengtar desperat etter mora og Melkeveien.

Alt som skjer i romanen er sett gjennom jentas begrensa blikk. Mye av det som foregår har ikkje Liv forutsetning for å forstå. Vi får i staden innblikk i korleis ho opplever og tolkar det som skjer, og korleis ho tek fantasien til hjelp. Forfattaren har klart å gjennomføre dette på ein overbevisande måte.

Melkeveien er ei sår og innsiktsfull forteljing om eit barn som opplever utryggheit og vanskelege omveltingar i livet.

Pauline Östgård er født i 1997 på Lillehammer og busatt i Oslo. "Melkeveien" er den første boka hennar.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 04.12.2020

Fant du det du lette etter?