Bokomtale: Naja Søtje-Thomsen. Vi levde i går

Innhold

Omslagsbilde av Vi levde i gårNaja Søtje-Thomsen er født i 1987 i Danmark og bur i Norge. "Vi levde i går" er den første romanen hennar. Ho tek utgangspunkt i si eiga historie, og brukar namnet sitt i boka, men det er uklart kva som er sjølbiografisk og ikkje. Det treng vi vel som lesar ikkje å vite heller - .

Ei ung kvinne i København, Naja, får beskjed om at far hennar er død. Ho har av ulike grunnar hatt lite kontakt med faren, da foreldra hennar vart skilt da ho var lita jente. Naja og broren flytta etterkvart til Oslo saman med mora, medan faren vart buande i Skagen. Der treffer ho han kvar sommar i oppveksten, men ut over det har dei sjeldan kontakt. Ho lengtar innimellom desperat etter han og håper at han skal skrive eller ringe. Men, faren, som ser ut til å vere ein varm person som er glad i ungane sine, har problem med rus og klarer ikkje å følgje opp Naja og broren. Eit stort øyeblikk for henne er når faren kjem i konfirmasjonen hennar.

Etter at faren er død må ho og broren rydde ut av leiligheten hans, og ho finn bl. a. alle breva ho har skrive til han. Gjennom breva og tankane ho får når ho les dei, får vi vite korleis ho har opplevd det å vere skilt frå han, og kor mye han har betydd for henne. Minne og gjenstandar er svært konkret og detaljert skildra, og viser korleis Naja prøver å pusle saman eit bilde av faren. Kven var han eigentleg? Korleis var livet hans? Ho søkjer å kome nærare svara og forstå meir.

Romanen gir eit innblikk i korleis det kan vere for eit barn å sakne ein fjern far. Den gir også eit bilde av ein far som ikkje strekk til, men som likevel er elska.

Det meste av handlinga foregår i Danmark og skildringa har noko "dansk" over seg. Språket er enkelt og lettlest.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

Sist oppdatert: 15.04.2020

Fant du det du lette etter?