Bokomtale: Marita Fossum. Singularitet

Innhold

Omslagsbilde av Singularitet"Jeg skal begynne å prostituere meg. Avgjørelsen er endelig tatt, ikke noe mer skal, skal ikke. Nå er er det min tur til å leve på kanten." Slik startar romanen om Gulline, ei kvinne som med dette ønskjer å bli ein av dei som er utanfor det vanlege samfunnet. Ho vil utfordre det trygge og keisame tilværet, i aktiv empati, som ho utrykkjer det. Dette annonserer ho med å henge opp ein plakat med teksten "Sex & samtale kan kjøpes av voksen dame". Gulline har studert filosofi, så samtale er ein del av pakken. Vi følgjer henne i prosjektet med å bli meir aktiv i sin empati, ho kjem ut for mye og dumpar over fleire spor som ho følgjer.

Gulline, eller Gullemor, som ho også blir kalla, er ein nokså snodig person som har ein særeigen måte å sjå verda på. Fleire av bipersonane er også ganske originale, som venninna Abigail som rett som det er er i kontakt med det kosmiske. Eit anna friskt innslag er pleiaren til far hennar som snakkar dialekt frå Nord-Gudbrandsdalen. Det er i det heile tatt mye som kallar på smilet i denne romanen.

Men, forfattaren vil nok meir enn å skrive ein humoristisk roman. Eit sentralt tema er utanforskap. Få av oss gjer noko aktivt for å kome dei som står utanfor i møte. Gulline ønskjer å handle. Ho er sjølv eit ganske einsamt menneske, men lever likevel ikkje heilt på sida av samfunnet, slik som mange av dei personane ho møter gjer. Ho er på leit etter meining og retning i livet, men vegen frå tanke til handling er vanskeleg. Vi ser at det skortar på gjennomføringsevnen. Faren er ein svært viktig person for henne, og romanen gir eit fint portrett av han. Gulline er også skildra med varme, og som lesar får eg stor sympati for henne.

Boka er lettlest, og spekka med vittige formuleringar.

Marita Fossum (f. 1965) debuterte i 2002 med romanen Verden utenfor. Ho har blant anna mottatt Brageprisen. Opprinneleg er ho frå Byåsen i Trondheim, og har utdanning som sjukepleiar. Singularitet er den sjuande romanen hennar.

(LV)

Bestill boka

Sist oppdatert: 03.09.2021

Fant du det du lette etter?