Bokomtale: Liv Mossige. Armauer

Innhold

Omslagsbilde av ArmauerVi befinn oss i Bergen på 1800-talet. Handlinga i romanen "Armauer" foregår for det meste på St. Jørgen, ein institusjon for fattige spedalske. Tittelen siktar til legen Armauer, som var nasjonal spedalskelege. Han er ikkje direkte med i romanen, men han blir symbolet på framtidsdraumane til dei som bur på St. Jørgen. Dei drøymer om å få kome på det spedalskehospitalet han driv, der det seiest at det er kvitt og reint, og at ein slepp å slite og arbeide.

Hovudpersonen i boka er tolvåringen Johanne, og det som skjer er sett med hennar barnlege, men innimellom også alt for modne, blikk. Ho knyter seg til Inger, ei av dei andre på kvinneavdelinga på St. Jørgen. Ein annan gjennomgangsfigur er "Klokkeren". Han er velgjerar og den einaste mannen som har tilgang til kvinneavdelinga. Han bryr seg på eit vis om Johanne, men utnyttar at ho er eit svakt og vergelaust barn. Johanne blir gravid, utan heilt å skjønne rekkevidda. Ho ser på barnet som noko fint som skal skje, noko vi skjønar at det neppe vil bli.

Gjennom refleksjonane til Johanne og replikkvekslingane med dei andre, formidlar Mossige ei historie om det å vere utstøytt og isolert frå resten av samfunnet. Forfattaren får godt fram at at det var eit klassedelt samfunn der det var stor forskjell på fattig og rik. Skildringa er ikkje sentimental, men levandegjer korleis det kunne vere for eit ungt menneske å leve under slike forhold. Romanen gir også innblikk i historia til dei spedalske, ei historie dei fleste av oss ikkje veit så mye om.

Liv Mossige (f. 1978) er frå Akershus og bur i Oslo. Armauer er den andre romanen hennar. Ho debuterte i 2014 med romanen Tyskland.

(LV)

Bestill boka

Sist oppdatert: 14.09.2021

Fant du det du lette etter?