Marit Tusvik (f. 1951) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte i 1979 med dikt- og prosasamlinga “Reisa til Mandarinlandet”. Seinare har ho skrive fleire romanar, skodespel, dikt og barnebøker. Tusvik skriv på nynorsk.
“I hans armar” handlar om den unge kvinna, Sofia, som nettopp har slått opp med kjærasten. No er ho fri og full av glede og forventning. Ho skal jobbe litt (på biblioteket!), men mest skal ho teikne og male og kose seg i leiligheten ho nettopp har flytta inn i.
Så fell ho pladask for den vakre og sjarmerande amerikanaren Frank. Han er 15 år eldre enn Sofia og kunstnar som henne. Til å begynne med er alt med han så fint, dei pratar så godt saman, og det er som ho alltid har kjent han. Ho stussar likevel da han etter kort tid, og uten å konferere med henne, flyttar alle sakene sine over i bua hennar. Snart bur dei saman, og gradvis endrar veremåten til Frank seg. Han breier seg utover med sitt , og der han før var oppmuntrande og rosande, er han no kritisk og belærande. For Sofia blir forholdet meir og meir trongt. Frank viser seg å vere sjølvopptatt og manipulerande, han blir også alvorleg sjuk, og det heile blir mørkt og uuthaldeleg. Likevel vel Sofia å bli.
Ein kan spørje seg kvifor Sofia blir i eit så øydeleggande forhold, men det er ikkje uvanleg å bli i eit forhold sjøl om ein ser at ein burde bryte ut. Forfattaren viser på ein truverdig måte fram mekanismane i eit slikt forhold, og kvifor det kan vere vanskeleg å kome seg ut av det.
“I hans armar” er ein intens og medrivande roman som kan ha appell til mange.
(LV)
Boka finnst også som e-bok
Sist oppdatert: 23.06.2022