Bokomtale: Hilde Rød-Larsen. Sommertid

Innhold

Omslagsbilde av SommertidI romanen følgjer vi Ingrid og Peter, eit ektepar, som har vore gift i mange år. For Peter er det ekteskap nummer to, han forlet den første kona på grunn av av Ingrid. No er han nettopp vorte pensjonist, medan Ingrid, som er femten år yngre, jobbar for fullt som journalist. Vi følgjer dei gjennom eit sommardøgn.

Det heile startar med ein tilsynelatande vanleg morgon i huset deira på Nesodden, men ganske snart skjønar vi at her er det misstemning i lufta. Ingrid er ikkje i humør og Peter blir uroleg når han merkar kva slags stemning ho er i. Han lagar frukost som vanleg, men ingen av dei seier noko når Ingrid går. Deretter blir eit kapittel via Ingrid sin dag, og det neste Peter sin dag. Desse to kapitla utgjer hovuddelen av boka, før det heile blir avslutta med to små kapittel, Kveld og Natt.

Ingrid skal på jobb, men kjem seg aldri dit. Ho virrar i staden rundt i Oslo og grublar over livet sitt. Ho er lei av det keisame livet ho lever med ektemannen, han som ein gong var perfekt, no er ho lei av at han er så velmeinande og overopptatt av dei daglege rutinene. Den store aldersforskjellen gjer også sitt. Som 52-åring er Ingrid framleis "ungdommeleg" jamført med Peter, og ho vil gjerne kjenne seg levande og attrådd. Da ein yngre kollega dukkar opp og innleier ho ein flørt med han.

Peter følgjer heilt konkret gamle stiar, der han går tur i området der han heile livet har gått, men likevel er noko annleis. Pensjonisttilværet er nytt for han og han må finne meining i det nye tilværet. Han legg si sjel i matlaging og han er opptatt av barn og barnebarn (frå det første ekteskapet), men er det nok?

Dette er ein roman om eit parforhold på tomgang. Som lesar blir ein nysgjerrig på om det som ligg og ulmar i dette ekteskapet vil nå overflata og eksplodere? Eller vil livet til Ingrid og Peter halde fram omtrent som før? Slutten gir ingen tydelege svar på korleis framtida blir for paret.

Ein kort og lettlest roman om eit kjent tema i litteraturen - og i livet.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

Sist oppdatert: 26.08.2021

Fant du det du lette etter?