Bokomtale: Hilde Brunsvik. Reise til menneskene

Innhold

Omslagsbilde av Reise til menneskeneI "Reisen til menneskene" følgjer vi ei ung kvinne og hennar utvikling. Først møter vi henne som eventyrlysten ungdom på veg til Soho i London for å synge på bar. Deretter får vi eit lite tilbakeblikk på barndommen. Så kapittelet "Venezia", som utgjer størstedelen av romanen, og til slutt eit mindre kapittel med same tittel som boka. Eg har her valt å gå mest inn på det eg oppfattar som hovuddelen av boka, nemleg Venezia-kapittelet.

Ein litt rufsete jazzpianist har invitert med eg-forteljaren på ei vekes syngeoppdrag på ein restaurant i Venezia. Ho har ikkje sunge på mange år, og er til å begynne med heilt frå seg av nervøsitet, men det er tydeleg at ho har musikken i seg, og kan formidle. Heime i Norge har ho ein treåring ho lengtar etter og ein jobb ho er likesæl til. Ho og pianisten deler leilighet, men ho ser ikkje mye til han utanom når dei opptrer. Likevel blir ho etterkvart tiltrekt av han, og kanskje er det gjensidig? Dette skaper eit visst spenningsmoment i ein roman, som elles ikkje har så mye "drama" i seg. Som vatnet i kanalene flyt forteljinga roleg. Det hovudpersonen opplever, ser og sansar er skildra klårt og detaljert. Byen Venezia, personane, maten, vinen, musikken og stemninga trer tydeleg fram for oss.

Hovudpersonen i romanen får vi inntrykk av er ei litt usikker kvinne, som ikkje heilt har funne sin veg i livet. Ho likar ikkje å stille seg til skue, og har tenkt at ho helst vil vere "ingen". Når Venezia-veka nærmare seg slutten ser det likevel ut til at ho er på veg mot noko anna, at ho har funne igjen draumen om synge og vil gjere noko med den draumen.

Eit sentralt tema i romanen er identitet og sjølvrealisering. Eit aktuelt tema å kjenne seg igjen i - og kanskje får du også lyst til å reise til Venezia og til høyre gamle jazz-svisker - det gjorde i alle fall denne lesaren.

Hilde Brunsvik er født i 1959. Ho har blant anna bakgrunn som songar og songpedagog. "Reise til menneskene" er den tredje romanen hennar. Ho har også gitt ut to novellesamlingar og ein biografi.

(LV)

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.

Sist oppdatert: 28.09.2021

Fant du det du lette etter?