"Halvparten meg, halvparten deg" er ei familieforteljing der vi møter tre generasjonar kvinner. Romanen har, som fleire romanar utgitt i 2019, fokus på graviditet og fødsel, barseltid og kva det er å vere mor. I tillegg berører denne romanen kva det er å ha ei mor.
Synsvinkelen i boka ligg hos Line. Ho har fire døtre, men også ei gammal, dement mor, som i starten av av romanen ligg for døden. Ved dødsleiet strøymer minna og kjenslene gjennom Line. Ho tenkjer tilbake på kva mora har vore for henne. Ho tenkjer også på barndommen til døtrene. Dette første kapitelet foregår i 2030.
Så gjer romanen eit hopp bakover i tid til 2022 og 2018. I 2022-delen har mora begynt å bli dement og Line spør seg kva mora hugsar av bestemte hendingar. I 2018-kapitelet er Line gravid med den fjerde dottera, og går og ventar på fødselen. Deretter gjer forteljinga eit nytt sprang, no fram i tid, til 2032, da det første barnebarnet til Line kjem til verda i ein dramatisk fødsel.
Vekslinga i tid er gjort svært tydeleg, og gjer dei store linene i livet synlege for oss.
Det vil nok vere mye å kjenne seg igjen for mange i denne romanen, enten det er å ta det endelege farvel med ein nærståande, eller det å vere mor. Boka er på berre litt over hundre sider og har ein lågmælt stil.
Ellen Mari Thelle (f. 1977) debuterte i 2009 med romanen En del av historien. Ho har seinare gitt ut to romanar og ei kortprosasamling.
(LV)
Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.
Sist oppdatert: 05.05.2020