Bokomtale: Cathrine Evelid. Lyden av fjell

Innhold

Omslagsbilde av Lyden av fjell

 

Cathrine Evelid, født i 1969, vaks opp i Kvinesdal og er utdanna biletkunstnar. Ho debuterte i 2012 med "Mamma er en countrysanger". "Lyden av fjell" er den fjerde romanen hennar.

Gjennom eit par veker følgjer vi tobarnsfaren Jon som har har pappapermisjon. Han vil gjerne vere ein god far. Å vere saman med ungane betyr mye for han, men aller mest vil han nok jobbe i lydstudioet sitt. Der held han på med eit heilt spesielt prosjekt der det gjeld å få tatt opp lyden av hjarteslaga til ein brunsnegle (!)

Det er også ein annan grunn til at han helst vil isolere seg i lydstudioet. Jon likar seg ikkje ute blant folk, og etterkvart skjønar vi at han er redd for å bli gjenkjent. Han slit også med panikkangst. Grunnen til at han har det slik, heng saman med ei dramatisk hending som fekk fatale følgjer da han var russ. Kva som skjedde blir ikkje fullt ut avdekka før mot slutten av boka, og forfattaren greier med dette grepet å halde spenninga ved lag.

Farskap er eit sentralt tema i boka. Romanen set lys på Jon som far, men ser også på forholdet mellom Jon og hans eigen far. Sentralt er også temaet skuld/soning. Jon kjenner at han aldri får sona ferdig for det han har gjort, men i løpet av dei dagane som blir skildra det er likevel ei lita rørsle mot det betre.

Alt i alt er det spennande å følgje Jon og få avdekka historia hans, og boka inneheld gode skildringar av daglegliv med barn.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesastebok-appen BookBites.

Sist oppdatert: 03.01.2020

Fant du det du lette etter?