Bokomtale: Caroline Kaspara Palonen. Mascarasøvn

Innhold

Omslagsbilde av MascarasøvnVi er i Nord-Norge, nærmare bestemt Harstad. Hovudpersonen, ei ung kvinne, Edit, skal reise nordover med Hurtigruta midt i mørketida. Ho har fått beskjed om å reise, eller "forlate" som det står i romanen. Om ho har fått beskjeden av sambuaren eller den gifte elskaren er litt uklart, men mest sannsynleg er det Arvid, som elskaren heiter, som har gjort det slutt på denne måten. Det er i alle fall han tankane hennar kretsar om. Ho sørgjer over han og spør seg om kvifor det alltid er ho som vil mest.

Gjennom tilbakeblikk får vi glimt av livet til Edit frå barndom og oppover. Vi får også vite korleis Edit og Arvid møttest og begynte å treffast i løynd. Dei ser ut til å treffast berre når det passar Arvid. Edit begynner å spionere på han og kona på Facebook og ho nærmar seg dei på forskjellige måtar. Kona er kunstnar og forfattar, og sett gjennom augo til Edit blir ho nærmast ein parodi på ein moderne kulturperson.

Hurtigrutereisa blir også ei reise på det indre planet for hovudpersonen, der ho prøver å bearbeide opplevingane sine, og kanskje stake ut ein ny kurs.Temaet i Mascarasøvn er sorg, men måten forfattaren gjengir tankane og observasjonane til Edit på, gjer at det i tillegg til det mørke, også er mye å humre over i denne romanen.

Caroline Kaspara Palonen er født i 1985 i Harstad. Ho har tidlegare gitt ut tre romanar og ei diktsamling.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

Sist oppdatert: 10.09.2021

Fant du det du lette etter?