Bokomtale: Britt Karin Larsen. Av lys er du kommet

Innhold

Britt Karin Larsen (f. 1945) har gitt ut ei rekke bøker i ulike sjangrar. Ho slo for alvor igjennom på 90-talet med ein trilogi om taterane i Norge. Seinare har ho skrive ein romanserie på i alt sju bøker om folket på Finnskogen. Den siste romanen hennar, "Av lys er du kommet", er ein frittståande roman.

Her møter vi Anni, ei kvinne på rundt 70, som begynner å leite etter starten på si eiga historie. Ho har vakse opp hos fosterforeldre i ei lita austlandsbygd, og veit ikkje noko om kven mora var og kvifor ho vart gitt bort. Ho har alltid levd med eit sakn og kjent seg uønska. Fosterforeldra gir henne ikkje den varmen og omsorga ho har behov for. Ho knyter derfor sterke band til fosterbroren “Bror” og til Kindermann, ein kar som av og til kjem til garden der ho veks opp. Kindermann  ser henne og tek henne med på eventyr. Men, også han forsvinn ut av livet hennar.

Anni har sjøl ei dotter, og har dårleg samvit for at ho ein gong da dottra var spedbarn svikta henne for å redde mannen ho var gift med. Ho ser for seg at ho ved å nøste opp i sin eigen bakgrunn også kan ho gi dottra ein ny begynnelse. Det viser seg at Anni ikkje får svar på alt, og kanskje er heller ikkje det nødvendig når det kjem til stykket, i alle fall ikkje for Anni. Ho ser at det at ho har vore rastlaus og på stadig leiting også har gitt henne muligheiter og ført henne ut på mange eventyr. På slutten av boka kjem ho til ei slags forsoning med fortida. Eit lykkeleg sommarminne står klart for henne og ho tenkjer at oppveksten hadde eit lys i seg, og at ho no ser det tydelegare enn før. 

Britt Karin Larsen skriv gjerne om dei som på ulike vis fell utanfor. Det gjer ho truverdig, poetisk og kjenslevart, - slik også i denne romanen. Ho har uttala at “Av lys er du kommet” ikkje er sjølbiografisk, men at ho har brukt episodar frå eigen barndom.

(LV)

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.

Sist oppdatert: 07.07.2017

Fant du det du lette etter?