Bokomtale: Bjørn Bottolvs. Drolsum stasjon

Innhold

Drolsum stasjonTil likes med eg-personen i denne romanen vaks forfattaren opp i stasjonsbygningen på Drolsum stasjon (Vikersund), ein jernbanestasjon som no for lengst er jamna ved jorda. Dei to har også mye anna til felles, blant anna er begge pensjonerte politimenn og begge er forfattarar. Boka kan seiast å vere ein erindringsroman, sjølv om Bottolv har uttala at ikkje alt samsvarar med hans eige liv.

Romanen vekslar heile tida mellom ei notid og minne frå fortida. I notid er hovudpersonen nyleg pensjonert, 57 år gammal (sidan han er politi), kona har reist i frå han og han saknar sonen, som flytta ut for fleire år sidan. 

Eit klassejubileum gjer at han oppsøkjer barndomstraktene rundt Drolsum stasjon og minna strøymer på. Vi får mange historier frå oppveksten på 50-talet, mange av dei dramatiske, som den om bilen som blir ståande på planovergangen da toget kjem. Hendingane blir ikkje dvela lenge ved, men blir raskt, vel raskt i ein del tilfelle, avløyst av nye assosiasjonar og historier.

Som unggut reiser han til sjøs. Han går i land i byar som New Orleans, Galveston og Veracruz, og da kan mye skje ... Ei hending med ein politimann i New Orleans blir avgjerande for at han bestemmer seg for å bli politi.

"Drolsum stasjon" er ei lettlest bok som nok kan passe for mange, men ho vil kanskje særleg ha appell til menn litt oppi åra, som sjølve hugsar oppvekst på 50-talet. Skrivemåten er "maskulin" og litt røff.

Bjørn Bottolvs (f. 1946) har tidlegare skrive ei rekke kriminalromanar og eit par barnebøker. Kriminalromanane utspelar seg på Majorstua politistasjon, kor forfattaren sjølv har jobba.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

Sist oppdatert: 19.08.2021

Fant du det du lette etter?