Bokomtale: Arne Svingen. Min sønn

Innhold

Min sønnKva gjer ei mor når ho oppdagar at sonen kan vere er involvert i eit drap? 

Ei sein natt oppdagar tilfeldigvis Jorunn at den 16-årige sonen, Ronny, har blod på kleda når han kjem heim. Dagen etter er kleda borte. Nokre dagar seinare les ho i ei nettavis at ei kvinne i slutten av 60-åra er funnen drepen i husværet sitt. Dette har skjedd berre eit halv trikkestopp unna. Ronny er som mange tenåringar ikkje så lett å få i tale, så Jorunn konfronterer han ikkje direkte. 

Ho startar derimot opp si eiga “etterforsking” og kjem blant anna i kontakt med ei dame som kjente den drepne. Det viser seg at den nye venninna kjenner ein eldre kar som såg ein person springe bort den aktuelle natta. Jorunn vil derfor prøve å finne ut kor mye mannen har sett. Det blir etter kvart klart for henne at Ronny på ein eller annan måte er involvert. Ronny, som Jorunn er åleinemor til, betyr enormt mye for henne. Ho bestemmer seg for å ta grep, slik at politiet ikkje skal finne ut at han er innblanda. Det ho gjer er temmeleg drastisk, men korleis opplegget hennar går skal ikkje røpast her…

“Min sønn” med undertittel "Du skal ære din far og din mor" er ein kortroman som er utgitt i ein forlagsserie som tek utgangspunkt i Dei ti bod. Inspirasjonen her er det fjerde bodet om å ære far og mor. Boka er lettlest og vil kanskje særleg appellere til unge lesarar. 

Arne Svingen (f. 1967) har ein stor produksjon bak seg, både av bøker for barn, ungdom og vaksne. Han debuterte i 1999, og er nok mest kjent for barne- og ungdomsbøkene sine.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

 

Sist oppdatert: 28.09.2021

Fant du det du lette etter?