Bokomtale: Alicia Thi Nguyen Ryberg. Jeg har fotografert deg mens du sover

Innhold

Jeg har fotografert deg mens du sover"Jeg har fotografert deg mens du sover" har form som ein brevroman. Brevskrivaren Inga er ei ung, studerande kvinne i slutten av tjueåra. Gjennom dei små breva ho skriv, og som ikkje veit om ho sender, blir livet hennar nøsta opp for oss. Ho skriv til Eivind, kjærasten som ho bur samen med, ho skriv til dei yngre søskena, til ei venninne, men også til mora som er død.

Inga strevar ein del i livet sitt, særleg med forholdet til Eivind, og ho drikk for mye. Ho har vanskeleg for å tru at ho verkeleg er god nok for nokon, og ho er redd for å bli forlatt av kjærasten. Dette ser ut til å botne i at ho har hatt ein vanskeleg oppvekst med ei mor som ikkje har evna å gi henne nok kjærleik. Derfor er ho utrygg på korleis ho skal ta i mot og gi i eit forhold. Ho blir lett såra og kjenner seg avvist, men ho prøver også å forstå kvifor det er slik. Vi skimtar etterkvart eit håp om at ho skal greie å få det betre.

Forfattaren Alicia Thi Nguyen Ryberg (født 1986) skriv med innsikt om det å streve med å forstå seg sjølv og sin eigen bakgrunn. Ho får fram kor vanskeleg det kan vere å bli glad i seg sjølv og korleis dette påverkar relasjonane til dei rundt oss. Ho er psykolog og dette er debutromanen hennar.

Romanen er ganske kort og lett å lese, og kan appellere til mange, men kanskje særleg til unge lesarar.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast som e-bok i appen BookBites.

Sist oppdatert: 09.09.2020

Fant du det du lette etter?