Bokomtale: Birgit Alm. Endelig skal vi le

Innhold

Birgitt Alm (f. 1967) er litteraturvitar og busett i Oslo. «Endelig skal vi le» er den første romanen hennar. Ho tek her for seg eit aktuelt tema, nemleg fattigdom i Norge.

Romanen handlar om korleis det er å vere fattig åleinemor i dagens velstandssamfunn. Vi møter Elinor i det ho og gutungen, i romanen kalla Ungen, nettopp har flytta til ei sokkelleilegheit i ein velståande del av Oslo. Ho har flytta dit fordi ho har klart å få friplass til guten på Steinerskolen. Jakta på ein bustad ho kan ha råd til å leige har vore lang. No må ho ta til takke med ei knøttlita, mørk leilegheit med mugg og maur i skapa.

Elinor har trass i gode oppvekstkår, hamna i fattigdom. Ho er student på avklaringspengar frå NAV, og ho og ungen må greie seg på dette, pluss barnebidrag og barnetrygd. Det er ein dagleg kamp for å ha pengar til det aller mest nødvendige. Elinor er sint og bitter, men ho let seg ikkje knekkje. Ho er stolt og vil ikkje be foreldra eller andre om hjelp. Å stå i kø på Fattighuset for å få mat og klede er ikkje noko alternativ for henne. Viss nokon såg henne der ville det ikkje vere til å bere. Ho kjenner på den sosiale skamma ved å vere fattig og annleis enn dei andre foreldra på Steinerskolen. Det er særleg sårt for henne at også ungen begynner å skjøne at dei ikkje har det heilt som dei andre.

«Endelig skal vi le» gir eit svært konkret og detaljert blikk inn i kvardagen og kampen til ei som står på utsida av velstands-Norge. Det er ganske traurig, men forfattaren brukar også ein del humor, rett nok ein humor av det meir beiske slaget. Boka verkar truverdig, og er lettlesen.

(LV)

Bestill boka

Romanen finnst også som e-bok.

Sist oppdatert: 05.10.2021

Fant du det du lette etter?