Bokomtale: Stig Aasvik. Lofotveggen

Innhold

Stig Aasvik er født i 1970 og bur i Oslo. Dette er den fjerde romanen hans.

Hovudpersonen i Lofotveggen er ein mann i 40-åra med same namn som forfattaren. Denne personen, Stig Aasvik, er på jobbsøkarkurs i regi av NAV. Tankane hans er stort sett alle andre stader enn i kurslokalet. Gamle og nye hendingar veller fram i hovudet hans, og blir skildra i ein straum, utan overgangar i tid og rom. Boka har ingen avsnitt eller kapitel. Denne formen er uvant til å begynne med, men fungerer. Som lesar blir ein fort riven med i den intense tankestraumen til hovudpersonen.

Med dette forfattargrepet stig ein person og eit liv fram: oppvekst med feriar hos farsslekt i Lofoten, forholdet til foreldra, forelskingar, jobbar han har hatt, familieliv med sambuar og son, - alt det som har vore med og forma han. Som han uttrykkjer det; fortida dundrar vidare i han. Han kjem særleg ofte tilbake til det uavklara forholdet til den lukka faren.

Når det gjeld yrkesliv får vi eit interessant, og ganske fornøyeleg, innblikk i korleis det er å vere «ghostwriter», noko Aasvik har vore i mange år, bl.a. for Carl I. Hagen. Skildringa av NAV-kurset for arbeidssøkarar kan innimellom kalle på smilet, men for dei som sit der og blir coacha er det alvor. For Aasvik er det verkeleg botnen å vere komen i ein slik situasjon. Det minner han på andre periodar i livet da han har møtt veggen, - Lofotveggen.

Sjøl om romanen tek utgangspunkt i forfattaren sitt liv, kan «Lofotveggen» sjølsagt ikkje lesast som ei dokumentarskildring. Aasvik har i intervju uttala at han har lagt til og trekt i frå, og forvrengt verkelege hendingar. T.d. har han nok tatt seg visse friheiter i skildringa av Carl I. Hagen.

Boka er bygd opp som ei ubroten rekke av assosiasjonar. Denne stilen passar godt til det forfattaren formidlar.

(LV)

Bestill boka

 

Sist oppdatert: 27.04.2017

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.