Bokomtale: Stein Arne Nistad. Den tapte våren

Innhold

Stein Arne Nistad, f. 1957, debuterte som romanforfattar i 2015 med "Seks dager i april". "Den tapte våren" er roman nummer to. Tidlegare har han gitt ut faglitteratur og ein del dikt.

Som i den første romanen legg Nistad handlinga i "Den tapte våren" til starten av krigen og til Narvik. Her var det harde kampar mellom tyskarane og dei allierte for å få kontroll over byen.Det var strategisk viktig å sikre seg kontrollen over Narvik, da jernmalm til rustningsindustrien vart skipa ut via den isfrie hamna her.

Byen blir bomba, skip senka og det er store tap av menneskeliv. Midt oppe i dette står sjukepleiarstudenten Elise, som må vere med å ta i mot hardt skadde soldatar på sjukehuset. Vi følgjer henne gjennom dei to månadene slaget om Narvik varar. I tillegg møter vi den unge tyske bergsoldaten Heinrich og bondekona og sjubarnsmora Elisabeth som bur i ei bygd ute i Ofotfjorden. Korleis opplever dei tre møtet med krig og brutal død, og korleis skal dei sjølve og folk rundt dei klare å overleve? Med skildringa av dette prøver forfattaren å vise korleis dei dramatiske dagane kunne opplevast for vanlege menneske, og for ein soldat. Han gjer hendingar som har funne stad levande for oss, og han får fram ein bodskap om det meiningslause ved krig.

Personane i romanen er oppdikta, men hendingane er basert på det som faktisk skjedde i Narvik-området i 1940. Boka gir innblikk i krigshandlingar i Norge som nye generasjonar kanskje ikkje har så mye kunnskap om. Kvar hovuddel av boka blir innleia med faktaopplysningar om det som skjedde. Som kontrast til den realistiske forteljinga har forfattaren med nokre små, poetiske kapitel med titlar som "Havet", "Vinden"..., kanskje for å gi lesaren eit utvida perspektiv; naturen berre er og bryr seg ikkje med alt det menneska styrer med.

"Den tapte våren" er lettlest og kan appellere både til eldre og yngre lesarar.

(LV)

Bestill boka

Romanen finnst også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?