Bokomtale: Ragnhild Kolden. Det gode vi ikkje gjer

Innhold

Ragnhild Kolden (f. 1956) har tidlegare gjeve ut ein romantrilogi (2010-2014) med handling frå 2. verdskrigen. Saman med Vigdis Kroken har ho og skrive tre kriminalromanar.

I denne nye romanen er handlinga lagt til ein norsk bygdetettstad, opp i vår tid. Den sentrale personen er Selma, ei kvinne i førtiåra. Ho er på kant med dei fleste ho har rundt seg, ho mistrur alt og alle. Vondast er den elendige kjemien ho har til dottera Jenny. Ingenting blir betre når ein tidlegare sambygding kjem flyttande tilbake. Han er rota til mykje av det som er skakt, slik Selma ser det.

Etter kvart skjer det noko dramatisk i bygda. Kan det vere snakk om ein mordbrann? Teksten får drag av krim, men er primært ein studie av Selma sitt misantropiske sinnelag. Ho er gåtefull, men ho må ha sine grunnar til å reagere slik ho gjer. Desse blir gradvis avdekte i løpet av lesinga. Selma spør seg sjølv, kvifor ho gjer det ho ikkje vil gjere, mens ho ikkje har kraft til å gå for det gode. Mot slutten aner vi meir, men ikkje alt. Pila peiker tilbake til Selma sin eigen barndom, eller kanskje og til Jenny sin.

(Ei)

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?