Bokomtale: Øystein Orten. Brevet til Rosalin

Innhold

Øystein Orten (f. 1962) er forfattar og lektor frå Sunnmøre. Han debuterte i 1995 med diktsamlinga "Havflammen", og har seinare gitt ut romanar, lyrikk og dokumentarbøker. I år kjem han med ein brevroman.

Brevet er skrive av ein gammal mann, Johannes, og er stila til Rosalin. Kven ho er får vi ikkje vite før heilt mot slutten av boka, sjøl om vi etter kvart som historia blir avdekka byrjar å få ei aning om korleis det heile heng saman.

Brevskrivinga går om lag over eit år, og vekslar mellom skildring av dei enkle kvardagslege hendingane i notida og blikk tilbake på det som var. For den aldrande og sjuke mannen ber på mye frå fortida. Særleg er det ei hending frå krigen, da han som unggut vart mobilisert til kamp mot tyskarane, som har merka han for alltid. I brevet fortel han også om barndommen sin, særleg om bestefaren, som aldri vart seg sjølv etter at han mista to sønner på havet. Det viser seg at Johannes også har opplevd å miste eit barn.

I det daglege livet til Johannes er heimehjelpa Marianne, vennen Asle (ein tidlegare elev) og katten Pjask viktige innslag. Gjennom dei og andre bipersonar får forteljinga også eit islett av humor. Hovudtemaet i boka er likevel den skuldkjensla Johannes har levd så lenge med, og som han gjennom brevet omsider får utløp for. Dette er ei vemodig bok om å vere på slutten av livet, og om behovet da for å ta eit oppgjer med seg sjølv, og gjere opp ein status for det livet ein har levd.

Orten skriv god og ledig nynorsk. Skildringa av landskapet og naturen rundt Johannes har mye poesi i seg, og gir ei fin ramme til forteljinga.

(LV)

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?