Bokomtale: Mette Karlsvik. Varmá

Innhold

"Varmá" (Varmå) er ein roman om landskapet og folka ved elva Varmá på Island.

Jordskorpa er tynn på Island, noko som gir landet varme kjelder og energi, men også jordskjelv og vulkanutbrot som endrar landskapet. I Reykjadalur, ikkje langt frå Reykjavik renn elva Varmá. Her har folk til alle tider busett seg og utnytta dei varme kjeldene til å livnære seg. Dei har fiska og dyrka jorda, og i meir moderne tid dyrka varmekjære grønsaker i drivhus, ja til og med prøvd ut alligatoroppdrett for kjøttproduksjon.

Karlsvik si skildring startar langt tilbake i tid med landnåmsmannen Ingólv Arnarsson, men etterkvart følgjer vi ein familie i tre slektsledd. Forfattaren går ikkje særleg inn på hendingar i liva til personane, med unntak av Ingólfur, siste skot på stammen. Ingólfur tilhøyrer vår tid. Han drøymer som unggutt om å jakte og livnære seg ved breiddene av Varmá. Slik går det ikkje, han hamnar etter kvart i Reykjavik saman med den norske kjærasten, og prøver å få til eit liv der.

"Varmá" er ingen handlingsdriven roman, og vil nok ikkje opplevast som lett tilgjengeleg. Skildringar, særleg naturskildringar utgjer ein vesentleg del av romanen: Dei spesielle fargane, luktene, dampen og gassane, dei rumlande lydane frå bakken under husa, det heite vatnet å lauge i ... Etterkvart ser vi også i dette landskapet resultat av den menneskeskapte globale oppvarminga. Boka ber i seg eit bodskap om at jorda er sårbar og at det er viktig å ta vare balansen i naturen. Dette var også tema i den førre boka Den beste hausten er etter monsun.

Karlsvik skriv poetisk. Ho skriv på nynorsk, men brukar her også ein del islandske ord og vendingar. I starten av boka, der ho skriv om landnåmstida, er det innslag av norrøne stilelement.

Eg las romanen som eit uttrykk for sterk kjærleik til Island og naturen der. "Varmá" ga meg eit nytt blikk på det islandske!

Mette Karlsvik (f. 1978) fekk Tarjei Vesaas debutantpris i 2005 for Vindauga i matsalen vender mot fjorden. "Varmá" er den sjette romanen hennar, og ho har også skrive ei barnebok.

(LV)

Bestill boka

Romanen finnst også som e-bok.

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?