Bokomtale: Maria B. Bokneberg. Lukta av våt jord om natta

Innhold

Korleis lever ein familie vidare etter at eit familiemedlem har tatt livet av seg? Det er eit alvorleg tema debutanten Bokneberg (f.1982) tek for seg i denne romanen.

To døtre og ein ektemann sit tilbake etter at mora i familien er borte. Synsvinkelen i romanen ligg hos Mie, den eldste dottera. Mie bur for seg sjølv, men etter det som har skjedd flyttar ho for ein periode til familiehytta saman med faren og den litt yngre søstra.

Mie greier ikkje å snakke med søstra og faren om det som har skjedd, men ho teiknar og går i sorggruppe. Sorga over at mora er borte er stor og overveldande, men ho kjenner også på sinne og skam. Mie opplever det som eit svik at mora kunne velje å forlate dei. Søstra og faren har andre måtar å sørge på enn Mie, noko som er vanskeleg for henne å forstå. Alle slit dei med spørsmålet om dei kunne gjort noko som kunne fått mora til å ombestemme seg.

Mora har ikkje late etter seg noko som kan forklare, berre ein liten lapp som kan tolkast på fleire måtar. Men, vi anar gjennom det Mie formidlar av små minne, at mora har hatt sine mørke periodar. Mora blir elles ikkje nokon tydeleg person i romanen, da forfattaren har hovudfokus på å skildre reaksjonane til dei som har vorte forlatt.

Bokneberg skriv sterkt og truverdig om eit svært smertefullt tema. Ho har uttala at ho har opplevd sjølvmord i nær familie, men at romanen ikkje er sjølbiografisk.

(LV)

Bestill boka

Romanen finnst også som e-bok

 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?