Bokomtale: Ida Løkås. Til bølgene

Innhold

Ida Løkås (f. 1985) kjem i år med sin tredje roman. Ho debuterte i 2012 med romanen «Det fine som flyter forbi», og i 2014 kom ungdomsromanen «Pappa er et postkort».

Zahl, ein mann i midten av 30-åra er hovudperson i denne boka. Til å begynne med får vi inntrykk av at han er eldre, han går med stokk og han er avhengig av smertestillande medisin. Når vi møter han er han på flyttefot. Huset han bur i er seld og han må flytte inn hos faren. Dei bur på ei øy (der det snart skal bli tunnel over til byen), og etterkvart går det fram at Zahl ikkje har bevega seg derifrå på mange, mange år. Etter at han vart skada i ei ulykke i ungdommen har han vorte sittande fast her. Tvillingbroren og dei fleste andre han voks opp saman med har for lengst skapt seg nye liv andre stader. Zahl, derimot vil ikkje, eller tørr ikkje ein gong ta ferja over til byen. Han jobbar med å stoppe ut fuglar og lever eit ganske einsamt og avsondra liv.

Men, det blir eit vendepunkt for Zahl når legen på staden pensjonerer seg. Den nye kvinnelege legen meiner at det ikkje er grunnlag for at han skal gå på smertestillande lenger, ho meiner at plagene hans er psykosomatiske. Dette er vanskeleg for han å godta, men han møter til samtalane legen tilbyr. Det skjer også andre ting som gir Zahl nye impulsar. Han får seg hund, og ei jente han kjente i ungdommen flyttar tilbake til øya og vil gjerne ha kontakt med han.

Forholdet mellom Zahl og faren er kvardagsleg og fint skildra. Rollene dei imellom skiftar i løpet av boka, mot slutten er det faren som treng omsorg. Mellom Zahl og tvillingbroren anar vi derimot at det er noko som gneg. Men, dei greier til slutt å slå ein strek over fortida.

Dette er i det heile ei forteljing med mye håp i seg; det går an å få til endring i det fastlåste og finne nye vegar i livet! Boka er lettlest og kan ha appell til mange.

(LV)

Bestill boka

Romanen finnes også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?