Bokomtale: Heidi Furre. Ungdomsskulen

Innhold

Heidi Furre (f. 1986) er forfattar og fotograf. Ho kjem opprinneleg frå Stord, men bur no i Oslo. Ho debuterte med romanen Parissyndromet i 2013. Ungdomsskulen er den andre romanen hennar.

Romanen følgjer tenåringen Maja gjennom tre år på ungdomsskolen. Forteljinga startar med at mora fortel henne at faren, som ho ikkje bur saman med, er sakna etter ein kajakktur. Han blir aldri funnen. Tapet påverkar nok Maja, men blir ikkje noko hovudtema i boka.

Boka skildrar det kvardagslege sett gjennom tenåringen sine auge: venting på skolebussen, skoletimar, episodar ved middagsbordet, samver med venninner på rommet osb. Maja har to bestevenninner og vennskapet dei tre imellom er sterkt. Av og til blir det sett på prøve, men dei finn alltid tilbake til kvarandre. Jentene er nysgjerrige på ungdomslivet, samtidig som dei innimellom vil vere litt barnslege. Etter kvart blir det utprøving av festar, alkohol og sex, og dei er med på mye som foreldra ikkje veit om. Maja er vel kanskje den av venninnene som går lengst, og alt går ikkje like bra. Ho gjer seg nokre vonde erfaringar, men ho har forståande mor som støttar henne, og ho kjem seg på rett kjøl og fullfører ungdomsskulen.

Furre skriv på nynorsk og språket i boka er enkelt, utan dei store orda, sjøl når ho skildrar hendingar som kunne invitert til meir dramatisk ordbruk. Skildringane kjennest realistiske og nære. Ungdomsskulen er ei forteljing om det å vere i overgang mellom barndom og ungdom, ein periode i livet der ein er søkande, men også svært sårbar. Dette er eit tema mange kan kjenne seg igjen i, så boka vil nok appellere til fleire enn dei unge.

(LV)

 

Bestill boka

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?