Bokomtale: Erlend O. Nødtvedt. Vestlandet

Innhold

Omslagsbilde av Vestlandet

Dette er skildringa av ein på alle måtar ellevill biltur langs Vestlandets mangslugne vegar.

Kameratane Erlend og Yngve frå Bergen, høvesvis poet og biletkunstnar, har stole kraniet til bondeopprøraren Anders Lysne, som vart halshoggen i 1803. Dei vil bringe kraniet tilbake Lærdalsøyri, der han kom ifrå og etter deira meining høyrer heime. Men, før dei langt om lenge kjem fram til Lærdal, har dei i ein sliten nikotingule Toyata Camry, køyrt omkring på kronglute vegar i Hordaland og Sogn og Fjordane, og ei umåteleg mengd med cider og anna alkohol har gått med. Dei har køyrt omvegar på grunn av stengte tunnellar, uvér, tiltrekkande festar og innfall dei får undervegs. Det heile kulminerer med uveret "Vegard", som treffer Lærdal med øydeleggande kraft midt under den store marknaden.

Forutan å bringe Lysne tilbake der han høyrer heime, har dei som siktemål å finne essensen av det vestlandske i motsetnad til det austnorske. Det er særleg naturen som trer fram: dei tronge fjordane, fossane, dei bratte fjellsidene der det rett som det er går ras, det evindelege regnet...Men, vi får også innblikk i den vestlandske kulturen gjennom folk dei møter, blant dei både nolevande og døde forfattarar og kunstnarar: Olav H. Hauge, Ragnar Hovland, Rolf Sagen, Jon Fosse og fleire. Vi møter også Vestlandske frigjeringsfront (VFF), som arbeider for frigjeringa frå den austnorske sentralstyringa som øydelegg Vestlandet med bruer, tunellar osb. Her er det "vestlandsnasjonalismen som gjeld! Å ta Anders Lysne tilbake blir sjølve symbolhandlinga i dette.

"Vestlandet" er ei burlesk og fornøyeleg forteljing. Her er det mye å humre over, og kanskje ekstra mye for dei som har røtter på Vestlandet, eller som har eit forhold til dei mange litterære referansane nemnt over.

Erlend Nødtved (f. 1984) har tidlegare gitt ut tre diktsamlingar. I 2015 vart han av Morgenbladet og Norsk litteraturfestival kåra til ein av dei ti fremste unge norske forfattarane under 35 år.

(LV)

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?