Bokomtale: Erik Grønner. Skipsbyggerne

Innhold

Erik Grønner (f. 1957) debuterte i 2007 med spenningsromanen Brent B. "Skipsbyggerne" er den femte romanen hans.

Som tittelen seier handlar dette om skipsbygging, nærmare bestemt om skipsbygging på det oppdikta Langevik Værft i Oslofjorden. Handlinga er lagt til begynnelsen av 1980-talet, ei tid der den norske skipsverftsindustrien sleit, og mange vart utkonkurrert av utanlandske verft, fordi dei kunne tilby skip til lågare kostnad enn dei norske verfta.

I starten av boka skal verftet utarbeide eit tilbod på bygging av eit nytt skip. Det er full krise da den genierklærte kalkylesjefen har fått ei slegge i hovudet og ligg i koma på sjukehuset. Vår hovudperson, Nick, kjem så inn i bildet. Han har nettopp fullført to år på distriksthøgskolen, og har ved eit hell kryssa av for EDB valgfag. Han har slettes ikkje tenkt seg tilbake til heimbyen, der både far og bestefar har jobba på verftet. Når han takkar ja til å jobbe med kalkylen er det mest fordi han er forelska i Miriam, dottera til den lokale hotellkongen.

Som ansvarleg for kalkylen må Nick sette seg inn i alle delar av verksemda. Med dette grepet får forfattaren formidla detaljert kunnskap av kva som skulle til for å bygge eit stort skip på den tida. Forfattaren har sjølv jobba nokre år ved Moss verft, der faren var direktør, og har god peiling på det han skriv om. Lesaren får bli med Nick til brennerhallen, beddingen, konstruksjonsavdelinga, utrustningskaia ... og får møte dei som jobbar der. Dei fleste av dei synest å ha treffande kallenamn som Klypa, Misjonæren, Revolverkjeften og liknande. I tillegg til det meir tekniske opplysningane er stoffet krydra med anekdotar.

Nick og medarbeidarene hans legg ned mye arbeid i kalkylen, men kjem i klem når det etter kvar viser seg at direktøren, for å berge verftet, har hatt ein plan om å sette ut delar av arbeidet til eit verft i Polen. Det blir konflikt mellom arbeidarane og leiinga, og Nick blir ståande i ei vanskeleg mellomrolle. Privat beilar han til Miriam. Det same gjer sonen til direktøren...

Romanen kan ikkje seiast å vere utprega «litterær», men gir eit interessant blikk inn i ein bit av norsk industrihistorie.

(LV)


Bestill boka

Romanen finnst også som e-bok.

 

 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?