Smitteverntiltak / Corona information

Bokomtale: Truls Unholt. Mor forsvinner

Innhold

Mor forsvinner"Mor forsvinner" handlar om kva som skjer i ein mor-/son-relasjon når mora blir "borte" på grunn sjukdommen Alzheimer.

Sonen har eit godt forhold til mor si, sjølv om dei har vorte fjernare for kvarandre etter at han vart vaksen. Dei har levd sine svært ulike liv, ho i Sandefjord og han i Oslo og Berlin, men han har heile tida besøkt henne og halde kontakten.

Når han så oppdagar at mora har begynt å "rote" vil han involvere seg meir og ta ansvar for at ho får at ho får det så godt som mulig. Samstundes blir mora meir og meir krevande å vere saman med. Han er heilt utslitt etter to timar på besøk. Vi blir med i den erkjenningsprosessen sonen går igjennom medan mora blir dårlegare og og mindre og mindre seg sjølv. Etter kvart er minne og språket hennar så svekka at identiteten meir eller mindre går i oppløysing, det ho var, er borte.

I tillegg til å prøve og hjelpe mora ønskjer han å forstå henne. Han bestemmer seg for å skrive om henne, om den ho var før sjukdommen, men han ønskjer også å sette det livet ho har levd inn i ein større samanheng. I skrivearbeidet trekkjer han inn filosofi, sosiologi og andre fag han kjenner godt. Han brukar altså ei slags vitskapleg tilnærming i skrivinga. At han vel ei slik vinkling gjer at delar av boka kan opplevast som i overkant akademisk, når det gjeld språk og innhald. Dette vil nok ikkje appellere til alle lesarar, sjølv om tematikken rundt det å stå nær ein som får Alzheimer er aktuell for mange.

Truls Unholt (f. 1970) er forleggar i "Teori og praksis forlag", og debuterer som forfattar med denne romanen. Romanen er sjølvbiografisk.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 08.02.2021

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.