Bokomtale: Toril Brekke. Alle elsket moren din

Innhold

Omslagsbilde av Alle elsket moren dinToril Brekke (født 1949) debuterte i 1976 med romanen "Jenny har fått sparken". Sidan har ho skrive ei rekke romanar, barne- og ungdomsbøker og noveller. I seinare år har ho bl.a. skrive ein historisk romantrilogi om utvandringa frå Norge til Amerika. "Alle elsket moren din" er ei oppvekstskildring frå 1950- og 60-talet.

Hovudpersonen Agathe lever sine første barneår i ein i villa på Bekkelaget i Oslo saman mor, morforeldre og ein ung onkel. Mora er pianistinne - og vakker. Pianostemmaren, Isak, er forgapt i henne, og da mora blir gravid giftar dei seg, og familien flyttar til eit rekkehus i eit nytt bustadområde på austkanten. Agathe får ein liten bror, som ho passar mye, og nærmast blir reservemor for. Mora har pianoelevar og når ho har "fri" vil ho gjerne pynte seg og ta ein tur på byen. Det er sårt for Agathe at mora ikkje ser henne.

Isak gjer så godt han kan som far, medan mora engasjerer seg mindre og mindre i familien. Agathe blir slik veldig sjølvstendig og ho tek mye ansvar. Bestevenninna kjem frå ein heim der ho og brørne går for lut og kaldt vatn. Dei to søskengruppene utgjer saman eit fellesskap. Agathe kjem i puberteten og gjer seg erfaringar med kropp og det andre kjønn. Ein gong går det nesten gale. På slutten av boka er ho er ferdig på barneskolen og ho får eit nytt tips om kven far hennar kan vere.

Romanen gir eit fint tidsbilde og sidan Toril Brekke er født same år som Agathe, har ho nok brukt mye stoff frå eigen oppvekst i boka. Ho har likevel uttala at det ikkje er den personlege historia hennar. Ut over skildringa av tidstypiske er det måten universelle tema som morsrolle, forsømte barn, oppvekst og pubertet blir skildra på, som gjer dette til ein roman som mange kan ha glede av å lese. Og det er berre å sjå fram til oppføljaren!

(LV)

Bestill boka

Boka finnes også som lydbok og e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?