Smitteverntiltak / Corona information

Bokomtale: Stein Arne Nistad. Askefall

Innhold

Askefall"Askefall" er den tredje og avsluttande boka i ein frittståande romanserie om andre verdskrig i Nord-Norge og Tyskland. I denne romanen følgjer vi tre unge menneske, to av dei i Finnmark og ei i Tyskland/Polen. To av dei kjenner vi frå dei førre bøkene "Seks dager i april" og "Den tapte våren".

Tyske Liesel er sterkt fenga av Hitler og den nazistiske ideologien. Etter at ho får beskjed om at kjærasten Karl er sakna og truleg død, melder ho seg til teneste på eit sjukehus i Berlin. Ho vil bidra, og etter kvart kjem ho til Krakow, rett ved konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau, men ho distanserer seg frå dei brutale forholda ho ser der og meiner utrenskinga er nødvendig for å få til det ideelle samfunnet. På slutten av krigen er Liesel i eit utbomba Berlin. Da den russiske hæren når byen, er ho desperat og prøver å finne ein måte å sleppe massevoldtekt på.

Karl er tysk soldat og har alt tidleg i krigen vore nær ved å dø. Han er no forlagt på slagskipet Tirpitz som får base nær Alta. Dei allierte prøver heile tida å senke skipet for å beskytte Murmansk-konvoiane. Dei lykkast til slutt. Men, Karl overlever og da krigen er over leitar han etter Liesel i Berlin.

Elise er sjukepleiarelev i Narvik. Under krigshandlingane der klarer ho å ta seg ut av området og kjem etter kvart til Alta til bestemora, der ho går i jordmorlære. Faren ber henne ta jobb på Tirpitz slik at ho kan spionere og gi motstandsbevegelsen nyttige opplysningar. Elise får ein venn og kjæreste blant offiserane. Så kjem nedbrenninga og evakueringa av Finnmark, og han skuffar henne stort.

Boka og serien blir avrunda med eit kapitel frå 1957 der vi møter alle hovudpersonane igjen.

Gjennom skildringa av Liesel, Karl og Elise får vi eit innblikk i kva enkeltmenneske kan oppleve under ein krig, korleis dei må stå i det vonde og ta vanskelege val.

Boka er lettlest og gir innsikt i ein del av norsk krigshistorie som kanskje ikkje er så godt kjent av yngre generasjonar. Forfattaren gir til dømes eit nyansert bilde av både tyske soldatar og "tyskarjenter". Stein Arne Nistad (født i 1957) er forfattar, journalist og kommunikatør og busett i Oslo

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 22.01.2021

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.