Bokomtale: Rakel Solstad. I for internatunge

Innhold

Omslagsbilde av I for internatungeRakel Solstad er født i Finnmark i 1945 og bur i Trondheim. "I for internatunge" er den første romanen hennar. Ho debuterte med novellesamlinga "Men kva veit vi om barna" i 2013, og har også gitt ut ei novellesamling til. Solstad har arbeidd som lærar og har i mange år vore pedagogisk-psykologisk rådgjevar. Ho skriv på nynorsk.

Romanen handlar om å bu på skoleinternat i Finnmark. På 50- og 60-talet vart over ein tredjedel av alle barn i fylket plasserte på internat heilt frå sjuårsalderen. Dette var bl. a. eit ledd i fornorskingspolitikken andsynes den samiske og kvenske befolkninga. Forfattaren sjølv var i si tid internatunge, så ho kjenner miljøet frå innsida.

I romanen møter vi nokre gutar og ei jente på eit slikt internat. Historiene vekslar mellom perioden 1948 til 1956 og ei novemberhelg i 1962 der veret er slik at elevane ikkje kan reise heim til familien.

I historiene frå den eldste perioden møter vi Elis som i alle åra på internatskolen blir utsett for mobbing og overgrep. Han er også med i dei andre historiene, da som altmuligmann på internatet.

Den helga da dei er isolerte på internatet er Arno i sentrum for handlinga. Han står i spissen for plaginga av ein yngre gut, Frans. Etter ein ekstra brutal episode prøver styraren å ordne opp, men feigar ut.

Den einaste jenta vi får høyre litt om er Máret. Ho er samisk og har problem med å forstå den norske leseboka.

Som i "Men kva veit vi om barna" viser forfattaren fram kor fæle barn kan vere mot kvarandre. Det blir også antyda grunnar til at det er slik. Vi skjønar t.d. at Arno ikkje har hatt det bra og og at han er såpass skada at han tek ut vonde kjensler på andre. Elis er også prega av det vonde han opplevde i barndommen.

Utestenging, mobbing og overgrep er altså kvardagen for ein del av elevane som bur på internatet. Dei vaksne maktar ikkje å følgje med på alt som skjer mellom elevane, og framstår også delvis som veike når dei skal rydde opp. Dette er vond lesing.

Romanen set søkelys på ein del av norsk skolehistorie som nok ikkje er så godt kjent.

(LV)

Bestill boka

[Error: Mangler informasjon om presentasjon]