Bokomtale: Per Helge Genberg. Finna kyrkjedøra i meg

Innhold

Omslagsbilde av Finna kyrkjedøra i megPer Helge Genberg (f. 1959), opprinneleg frå Lierne, debuterer her med ei kortprosasamling, som tek opp tema som oppvekst, einsemd, homofili, gudstru og kjærleik til dyr, natur og partnar.

Boka er på berre 61 sider, men er likevel innhaldsrik. Dei små kapitla er skrivne i eit så fortetta språk, at ein må lese sakte for å få med seg all meining som ligg der. Gjennom dei sparsame setningane får vi glimt inn i forfatteren si personlege historie. Som tenåring skjønar han at han blir tiltrekt av menn. Skamma er stor, og det må skjulast for alle, både familie og andre i det vesle bygdesamfunnet. Men, vi skjønar også etterkvart at det er ikkje berre dette som er vanskeleg. Heile barndommen hans har vore prega av einsemd, utestenging og mobbing. Det han finn glede og tryggheit i, er gudstrua og dyra på garden der han veks opp, særleg sauene kjenner han ein heilt eigen kontakt med.

Livet blir betre, da han blir vaksen, han flyttar frå bygda og han møter kjærleiken. Slektsgarden vil han ikkje ta over, men ved sida av jobben driv han no med sauer. Han er framleis prega av det han opplevde som barn, og det er svært vanskeleg for han å åpne seg for folk og sleppe dei innpå seg. Reint konkret kler han aldri av seg for andre enn partnaren og legen. Han har eit likevel eit håp om at han skal klare å tilgi dei som stengte han ute, og "åpne døra" meir mot andre.

Dette er ei sår og sterk bok skrive i eit lyrisk og vakkert språk (nynorsk), som set søkelys på kva mobbing og utanforskap kan gjere med eit menneskje, men også om det i eit liv som det finnst glede og trøyst i.

(LV)

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?