Bokomtale: Line Blikstad. Etter det kom sommeren

Innhold

Etter det kom sommerenDet er midt på 80-talet og tenåringsjenta Tove bur i ein svensk småby, med svensk far og norsk mor. Ei dramatisk hending endrar livet til Tove og dei personane ho har rundt seg.

Romanen startar med ei drukningsulykke. Det er bestevenninna til Tove, Mia, som druknar i elva der dei ofte badar om sommaren. Forteljinga nøstar så gradvis opp hendingane fram mot ulykka. Det viser seg at mor til Tove har eit hemmeleg forhold til ein ung mann. Mia, som har forelska seg i den same mannen, skjønar korleis det heng saman og sjalusien bygger seg opp.

Etter det som skjedde med Mia flyttar Tove til Norge saman med mora. Tredve år etter prøver ho å sette saman kva som eigentleg skjedde sommaren 1985. Hendingane den gongen har påverka henne meir enn ho har erkjent. Det å finne ut korleis alt heng saman blir derfor også viktig for å finne ut av kven ho sjølv er.

"Etter det kom sommaren" er ei medrivande bok, sjøl om vi blir fortalt "slutten" alt på dei første sidene. Språket er kortfatta med mye dialog, men forfattaren får likevel fram mye om kva som rører seg i Tove og dei andre sentrale personane i romanen.

Line Blikstad (f. 1973) debuterte i 2001 med romanen Til Ester som kom ut samtidig på norsk og svensk. "Etter det kom sommeren" er den tredje romanen hennar.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 01.03.2021

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.